Dagstur til Gressholmen

1. mai møttes ein glad gjeng på rådhuskaia for å ta ferge til Gressholmen og fotografere. Gressholmen er bygd opp av tre tidlegare øyer: Rambergøya, Heggholmen og Gressholmen. Det har blitt fylt opp med masse mellom øyene, som gjer at dei i dag heng saman og utgjer ei samanhengande øy. Gressholmen har, som øyer flest i indre Oslofjord, fleire skjeldne planter. Det er også observert meir enn 160 ulike fugleartar. Her finn vi Gressholmen-Rambergøya naturreservat.

Etter ein ultrakort innføring i Gressholmens historie og fotomogleghetar spreidda folk seg ut over øya. Mange starta med bukta mellom Gressholmen og Rambergøya. Her ser ein ofte gravendar. Nordvest for bukta finn ein ei slette, som nok er laga den gongen ein fylte opp mellom øyene. Her finnast ulike planter og insekt.

Etter eit par timar møttest vi for å eta lunsj saman i sør-enden av øya. Her er det tørr berggrunn og eit praktisk toalettbygg – og difor praktisk å raste. Ein liten ærfuglflokk slo seg beleilig nok ned på eit svaberg rett utanfor oss, og vart grundig fotografert gjennom mesteparten av lunsjen.

Mot slutten av opphaldet kom vi i snakk med ein kar som kunne fortelle oss at vinbergsneglen hadde paringsfest rett oppe i lia, og han viste oss også velvillig kor festeghetene utspella seg. Det var ikkje store området, berre 6-8 kvadratmeter, men full av paringsvillige sniglar som para seg i grupper på mellom 2 og 4 stk. Sidan dei er hermafrodittar spelar ikkje kjønn nokon rolle… Dette var nok høgdepunktet på ein fin tur med ein sosial gjeng.

Takk for flott tur!