Vårtur til Mølen (15-17 april)

Mølen er kyststrekningen mellom Helgeroa og Nevlunghavn utanfor Larvik. Her finn vi Norges største rullesteinstrand, gravrøyser, fugletrekk og eit flott turområde.

Vi møttest utover fredagskvelden på hytta vi hadde leid på Oddane Sand Camping, og rakk ein kveldstur til den kjente kyststripa. Her møtte vi også Wenche, som var godt kjent i området. Wenche geleida oss rett ut til den indrefileten i området – ein odde med ei lita bukt, litt stein og bølger, og mykje andefugl – og ein og annan skarv – som flaug rett over oss med jamne mellomrom. Kanskje på grunn av dette, eller muligens av di fleire i følget var ihuga fuglefotografar, vart det eit visst fokus på fugl… Og vi fann blant anna masse ærfugl, gravand, tjeld, svartand, sjøorre, lerker, sandlo og diverse måker.

Laurdag var vi på plass før sola, og fekk med oss ein flott soloppgang. Yr tok dessutan feil da dei meldte regn og overskya, så vi kosa oss med sol og lettskya vær ut over dagen. Etter ein kvil midt på dagen fekk vi oss ein betre middag på Nevlunghavn gjestgiveri, før vi avslutta dagen med bildevisning på hytta. Dei mest interessante bileta viste seg, merkeleg nok, å ikkje vera blant dei mange fuglebileta…

Regnet frå natt til sundag gjekk ut på formiddagen over i overskya vær med flatt, kjedeleg lys. Så da erstatta vi fotografering med ein lang frukost, før vi alle reiste heim. Det var ein hyggjeleg og sosial tur, og alle fekk nye bekjentskaper. Fint å vera få på tur også.

Takk for fin og sosial tur:-)

Dei som var med: Wenche, Bente, Jon, Peder og Rine (referent og turleiar).