Turprogram 2017

Da er turprgrammet for våren klart.  Nye turar kan i tillegg dukke opp, så følg med

Alle turar vil i tillegg bli annonsert på epost og på Facebook.

 

 

Dagstur til Gressholmen (23. april)

Vi tar ein sundagstur til øya Gressholmen i Indre Oslofjord. Her finn vi Gressholmen-Rambergøya naturreservat med den grunne bukta der ein bla. kan finne gravand, tjeld og andre fuglar, samt ein rik og interessant flora og insektliv. Ta med både tele- og makroobjektiv:-)

Oppmøte: Vi møtest på Rådhuskaia og tar ferja som gjeng kl 10:00 ut til Gressholmen (må ta forbehold om at rutetidene kan endre seg). Ingen påmelding.

Turleder: Rine G. Carlsen, epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it., mobil 90 65 33 58

 

 

Jomfruland 2017, 5 -7 mai

Ytterst i skjærgården utanfor Kragerø ligg øya Jomfruland - http://www.visitkragero.no/ting-gj-re/jomfruland-p580183. Øya er kjent for tepper av blomstrande kvitveis om våren, storvokst edellauvskog, rikt fugle- og insektliv, rullesteinstrender og kulturlandskap. Her bør det, med andre ord, vera mykje av interesse for oss naturfotografar!

Biofoto har booka to boenhetar på Hasselgården - https://www.visitnorway.no/listings/hasselg%C3%A5rden/14818/  helga 5. – 7. mai. Kvar boenhet har kjøkken og to soverom. Totalt har vi plass til 8 personar. Det er bilforbud på øya, så bilen må parkerast på fergekaia. Øya er lang, smal og flat – skal du gå frå den eine enden til den andre har du foran deg ein tur på 7-8 km. Vi har difor skaffa oss avtale med sykkelleige for den som ynskjer det. Vi får omvisning på Jomfruland fuglestasjon ein av dagane, og har felles middag på laurdag. Elles er det opp til kvar enkelt å komme seg ut og fotografere – noko som ikkje bør vera vanskeleg her…

Program

·         Fredag 5. mai: Oppmøte ved brygga på Kragerø seinast kl 19. Ferga gjeng kl 19.15. Kort presentasjon av øya.

·         Laurdag 6. mai: Omvisning på Jomfruland fuglestasjon - http://www.visitkragero.no/ting-gj-re/jomfruland-fuglestasjon-p514533 , felles middag

·         Sundag 7. mai: avreise ut på ettermiddagen

Køyring: Vi forsøker å få til mest mogleg felleskøyring. Bilane parkerast ved fergekaia.

Ferge: Vi tar ferje frå Kragerø kl 19.15. Dette kostar pr. 1. januar kr 67,- pr pers. Her er rutetidene - http://www.fjordbat.no/reiser/rutetider-2/

Overnatting: To boenhetar – kvar med kjøkken og to soverom – med plass til totalt 8 personar. Prisen blir 600,- pr boenhet, delt på antal personar. Evt. vasking kr 200,- pr boenhet i tillegg.

Mat: Alle må ta med seg den maten dei treng til opphaldet – med unntak av felles middag laurdag – som alle spleisar på. Det skal også vera ein kafe på øya – Haga kystkafé - https://www.facebook.com/pg/Haga-kystkaf%C3%A9-Under-To-T%C3%A5rn-Jomfruland-187705624661421/about/?ref=page_internal

Sykkel: Vi har avtalt sykkelleige. Sei i frå om du ynskjer å leige sykkel når du melder deg på.

Hund: Du kan ta med hund på denne turen, men fint om du seier i frå om det ved påmelding. Hugs at det er båndtvang.

Fellesutgifter: overnatting (kr 600 pr boenhet + kr 200 for vasking, delt på antall personar), omvisning på Jomfruland fuglestasjon (kr 600 delt på antall personar) og felles middag på laurdag. Nøyaktig pris kjem eg tilbake til.

Bindande åmelding innan 10. april 2017 til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.. Oppgje følgande:

·         Navn

·         Mobilnummer

·         Om du ynskjer å leige sykkel. Utleigaren leiger normalt ikkje ut så tidleg på året, og må vite på forhånd kor mange syklar som trengs

·         Om du køyrer bil, kor du køyrer frå, ca når du køyrer, og kor mange passasjerar du har plass til

·         Om du ikkje køyrer bil, og treng å sitte på med nokon

Turleiar er Rine Grue Carlsen. Ta kontakt på epost eller mobilnr 90653358 om du har spørsmål.

Velkommen til tur på idylliske JomfrulandJ

 

 

 

Helgetur til Nissedal (26-28 mai)

Vi utforskar dei vidgjetne jettegrytene ved Eikhom i Nissedal. Her har naturen slipa opp fjellet i flotte former, og vi skal feste det til minnebrikka! På heimturen vert det fotosafari gjennom Telemark.

Overnatting: i Treungen på det nostalgiske Treungen-feriehus. Her er det 10 sengeplassar, så det er fyrstemann til mølla. Ta med sengetøy og håndkle, eller betal kr 100,- for leige av sengetøy.

Påmelding: innan 1. mai til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.. Oppgjev følgande:

  • Navn
  • Mobilnummer
  • Om du har plass til passasjerar i bilen + når og kor du køyrer frå. Eventuelt om du treng å sitte på med nokon
  • Og husk, det er bindene påmelding. Selv om vi ikke tar forskuddsbetaling så må du betale for turen hvis du må melde avbud.

Pris: 700,- pr stk. (gitt at vi fyller opp huset – blir vi færre enn 10 personar vil prisen auke). Middag på laurdag kjem i tillegg.

Mat: Felles middag på laurdag. Ta elles med det du treng for helga. Det skal vera matbutikk i nærleiken.

Turleder: Jon Bruce, epost: This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it., mobil: 928 19 416

 

Go to top