Eg er fødd og oppvaksen i Ål i Hallingdal.  Drog til Bergen i 1974 for å studere og det var då fotointeressa vart vekt for alvor.  Saman med ein kamerat byrja me mørkeromsarbeid frå a til å. Kjøpte film i metervis, lada kassettar, fotograferte (Yashica TL-Elektro), framkalte filmen og ekperimenterte med forstørrelsesapparatet!! 

 

Etter at eg stifta famile og flytte til Ski, blei det liten tid til foto; familie og arbeid kom fyrst.  Kjøpte mitt fyrste digitalkamera i 1998, og speilrefleks i 2006.  Då vart eg og medlem i BioFoto.  Har vore passiv medlem heilt fram til etter landstreffet i 2015 då eg sa ja til styrevervet som kasserar/økonomiansvarleg.  Dessverre har eg altfor mange hobbyar og verv og derfor liten tid til foto, men har som regel med kamera både på korte og lengre turar, på jakt etter dei gode motiva i naturens for- og bakside!